Vilje

Stikkord

,

Og hodet bare, nå skal du være så svimmel som du aldri har vært før på flere år, du skal kjenne det svimler når du leser to setninger i avisa, du må legge deg ned fordi alt snurrer rundt, og når du er på jobb så må du sette deg ned for å ikke falle ned. Du må sette deg ned på det skitne gulvet på jobb og lene deg mot bardisken i den nyvaska dressbuksa og den litt skrukkete svarte skjorta som bare blir enda mer skrukkete fordi jeg nesten ligger veggen til bardisken. Kolleger som sier, du kan ikke være på jobb, gå hjem Sigrun. Men jeg vil være her, sier jeg. Nei, gå hjem kjære deg, dette går ikke vet du.

Så jeg går hjem. Årets første nederlag. For noen er det sikkert ikke så stort å måtte gå hjem fra jobb fordi man er sjuk. Men for meg er det det. Jeg blir så skuffa, for viljen min er der. Jeg vil så gjerne, men kroppen vil ikke. Og ting jeg ikke kan kontrollere liker jeg ikke. Jeg blir sint, fortvilt og skuffa. For jeg vil ikke være sjuk, jeg vil ikke ha vondt i hodet hver morgen. Jeg vil ikke få magesår av å proppe i meg for mye smertestillende. Jeg vil ikke ha vondt i ryggen. Jeg vil ut, jeg vil kunne gå på jobb og smile oppriktig, med gleden og vissheten om at i dag så verket ikke ryggen like mye som i går.

Så ligger jeg her da.
Litt sympati, takk.

Advertisements

Blanke ark

Eit nytt år. Enda ein vinter er snart forbi, enda ei jul er over. No ventar slaps, våte sko og svette kroppar i akkurat litt for varme jakkar og kåpar på trikken, bussen og for dei som spring etter den uregelmessige kollektivtrafikken.

Kanskje det er dette året eg klarar å trene regelmessig. Kanskje det er det året her eg klarar å lese pensum regelmessig, så eg slepp dei grusomme skippertaka. Kanskje det er dette året eg klarar å halde orden på økonomien.

Men nei tenkjer eg, det er berre talet på datoen som er forandra – eg er den same. Men det er lov å prøve.

Tankar på ein trikk opp til Blindern

Siste eksamen er rett om hjørnet. Stress, angst og digresjonar som eg tar imot meg åpne armar pregar kvardagen min.

Eg prøvar å tenkje på kva eg burde kunne til tirsdag, kva slags emne får eg trukke opp av hatten til muntlegeksamen? Eg tenkjer på Bahktin sitt syn på dialogismen, Eco sitt perspektiv på «Læserens rolle». Vesaas snik seg også inn, Mattis og fuglane sitt friskt i minnet. Eg må på biblioteket og låne siste bok eg må pløye meg igjennom for å få med meg siste rest. Eg er sulten, eg må lese, eg må spise… Eg vil helst sove. Eg er så sliten, men eg må på jobb og tjene pengar. Om ei veke er eg i Krakow.

Kunsten å gjere andre ting

Denne veko er ei veke eg helst vil skal gå så fort som muleg, men samstundes vil eg at den skal bremsa ned litt, slik at eg får pressa inn enda meir pensum frå NOR1100. Eg er ein aktiv brukar av sosiale media, og eg har sjølvsagt ein Twitter-konto der eg spyr ut alle mine tankar om alt som skjer. På måndag var eg litt frustrert, fordi eg endte opp med å jobbe med eit heilt anna fag enn det eg har eksamen i på fredag. Eg fikk svar frå Uni. Oslo på Twitter, og neimen har dei ikkje litt humor dei også. Hvis eg stryk i eksamen på fredag så må eg ta den opp 22. mai same kva!

Når ting man har høyrt heile livet endrar meining

Kvel din sorg i ei bøtte med vann
og fold dine hender så hardt du kan
Heile havet reiser seg og ser mot land
og mot deg og di borg av sand

Far til datter seier, kom til papa kom
Sett deg på mitt kne og fortell meg om
når eg ikkje er her, er du ensom?
Du har arva ditt smil etter di mor, fuck!
Ett sånt smil er nok
Kaizers Orchestra – Far til datter

Å ligne sånn på mor si at ein ikkje veit om det er bra eller dårleg. #denfølelsen
«Ja du er no lik mor di» er ein frase eg har høyrt heile livet mitt og fortsatt høyrer (og det er kanskje av far min eg har høyrt det mest).  Eg tar det som eit kompliment no, for eg har ei fantastisk mor. Ho er sterk, smart, morosam – ei dame eg ser opp til. Mor mi er rett og slett super! Men ein vil jo så gjerne vere seg sjølv, ein vil gjerne vere eit individ i seg sjølv, ein vil vere unik! Men å bli samanligna med ei av dei kulaste kvinnemenneska eg veit om, det er ikkje dårleg det heller.

Morgonstund er best

Ein kopp med noko svart oppi som duftar herleg.
Morgenkåpa som er varm og god.
Varme føtter som varmar kalde føtter.
Å ha god tid til ein lang varm dusj.
Høyre på radioen medan du dusjar, og få meldinga du sendte inn til pratmakarane lest opp på lufta.
Å smile for seg sjølv før ein stappar øyreproppane i og tek på seg kåpa for å rekke trikken.

Ein tysdag i november

Alt må ga fort i dag. Eg vaknar presis 0815 og bannar høgt for meg sjølv – eg har forsove meg igjen. Eg lagar kaffi og skrur på fjernsynet, samstundes vekkar eg ho som har klart å sove heile natta på sofaen vår. Eg er trøytt, men gledar meg til i kveld. «Eg giddar ikkje å dusje!» skriker eg til ho andre som eg bor saman med, ho ler av meg, så går eg og dusjar likevel.

Vatnet renn ikkje fort nok! Elvane som renn nedover kroppen gjer meg ikkje rein fort nok syns eg. Kom igjen, fortare! Tørk meg no handkledet. Kaffen er kald no, eg varmar han i mikroen. Den blir for varm – neeeei. «Mind over matter», seier Kyle XY på fjernsynet. Drikk no! Kor er kleda mine. Der ja. Eg tar på meg kåpa, skoa (=dei skoa som kan snakke om eg ikkje er forsiktig når eg går), og går ut. Føttane mine går som trommestikkar opp til Thereses gate der Brilleland ligg. Må ha nye eingongslinser. Når eg er nesten framme går det brått opp for meg – lommeboka ligg att heime på kjøkkenbordet! Eg klarar ikkje å gjere noko anna enn å le litt for meg sjølv. Eg tar ein 180 midt i gata. Frostrøyken ligg omkring meg der eg strenar same vegen som eg har gått tilbake. Halvveis heime prøvar to gutar frå Jesu Kristi Kirke å stoppe meg. Neinei, eg rister på hovudet – eg har jo ikkje tid. Alt skal gå fort i dag. Eg tar opp nøklane, igjen. Eg spring opp trappane. Eg er varm no, kjenner at eg er raud i andletet på grunn av kulda ute og powerwalken eg akkurat tok forgjevevs. På kjøkkenbordet ligg lommeboka åpen og flirar til meg. «Der er du din jævel», kviskrar eg for meg sjølv, men mest til den tåpelege lommeboka som har gjort meg ein time forsinka.

No er eg så sein at eg hoppar på neste og beste trikk, rett utanfor døra. Kvifor tok eg ikkje den i stad? Eg går inn på Brilleland og kjøper linser. Dama på jobb har selskap av ein liten sort hund med krølla pels. Eg vil klappa den, men eg har ikkje tid. «Så fin kompis du har!» seier eg og smiler. Ho ljuser opp og seier på ekte svorsk «Tack! Fin å ha på jobbet vet du». Eg går fort ut av døra, merkar at venstre sko snakkar mens eg går no. Superlimet fungerte ikkje heilt optimalt. Eg set meg på trikken, no er eg på veg. Ser deg snart Blindern.

Bloggtips

Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruka denne bloggen til enda, men eg veit kva bloggar eg likar å lese! For ei veke sia blei eg spurt om kva bloggar eg lesar. Her er noken av dei:

Strekhjerte
Ein blogg om alt som er fint i verda. Linn skriv om ting som beveger ho og gjer deg den følelsen som du ikkje visste at du leita etter.

Synnelivet
Synne er den fyrste bestevenninna eg nokon gong hadde. Eg hugsar at vi sprang ilag i barnehagen og leika, vi hadde heile livet framfor oss og alt var fint. No bor Synne i Stavanger og bloggar om kvardagen sin, om vener, og om dei små tinga som eigentleg er dei store tinga når man sett saman dette puslespelet som er livet.

Mia hundre mil
Mia bor i Berlin og skriv så fint om korleis det er å vera norsk student i Tyskland. Eg er ganske så misunneleg der eg les kvart innlegg opp og ned, for eg savner Berlin sånn!

Sjekk dei ut, eg lovar deg – alt er god lesning!

Tåka

I eksamenståka sit eg og prokrastinerar. Eg lagar meg ein ny blogg, eg prøvar på ny – denne gongen på nynorsk. I ly av eksamen i NOR1100 (der me må levere 1/2 av besvarelsen på nynorsk) så såg eg mitt snitt til å øva meg på sidemålet.