Fordi eg kjeda meg litt, og følte for å poste noko her. Stjåle frå Mariell.

1. kor gamal er du om fem år?
29 år.

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
Om me reknar fra klokka halv seks i dag tidleg så blir det kjærasten.

3. kor lang er du?
168 cm.

4. kva var den forrige filmen du såg?
Super. «Shut up crime!»

5. kven ringte du sist?
Ida.

6. kven ringte deg sist?
Kjærasten min.

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
“Tusen takk :)”.

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
Det går raskare å ringa, men eg er også ein fan av sms når eg ikkje kan prata. Eg likar ikkje å prate i telefonen på offentleg transport.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
Dei er skilt.

10. når såg du mamman din sist?
På nyåret såg eg ho sist.

11. kva farge har du på augene?
Nokre seier dei er grøne, andre seier dei er blå. Eg veit ikkje heilt sjølv.

12. når våkna du i dag?
Eg våkna halv 10 av at mobilen dirra av ein sms.

13. kva er din favorittjulesang?
White Christmas med Bing Crosby og When You Wish Upon A Star med Louis Armstrong.

14. kva er din favorittplass?
Stallen heime eller biblioteket.

15. kva plass likar du minst?
Nattbussen på fredagar og lørdagar.

16. kvar trur du at du er om ti år?
Eg trur eg er heime igjen. Kanskje eg har ein jobb som grafisk designer eller lærar, medan eg rir på hestar når eg har fri.

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
Menneskeskjelett. Om det var leikeplastikk eller eit heilt skjelett på naturfagsrommet, eg likte dei ikkje og sprang ut av rommet hvis eg såg eit.

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
Sånn skikkeleg fliring til eg grin? Då må det nok vere ein episode av Trailer Park.

19. kor stor er senga di?
120 cm.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Bærbar datamaskin.

21. søv du med eller utan klede?
Utan.

22. kor mange puter søv du med i senga?
Fire som regel.

23. kor mange land har du budd i?
Eit land.

24. kvar har du budd?
Tingvoll, Trondheim og Oslo.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Varme ullsokkar er best.

26. er du sosial?
Ja, men eg sett pris på tida eg får åleine og.

27. kva er din favorittis?
Pistasj med sjokoladebitar.

28. kva er din favorittdessert?
Vaniljemilkshake.

29. likar du kinamat?
Ja, men det er ikkje favoritten.

30. likar du kaffe?
Åh ja! Eg elskar kaffe. Noko kjennes feil ut hvis eg ikkje får kaffen min ein dag.

31. kva drikk du til frukost?
Vatn og kaffe/te.

32. søv du på nokon spesiell måte?
Eg søv på sida, som regel i skjei.

33. kan du spela poker?
Nei, eg er kjempedårleg på alle kortspel.

34. likar du å kosa?
Eg likar ikkje å innrømme det, for eg skal liksom vere så tøff heile tida – men ja, eg likar å kosa, men berre med kjærasten.

35. er du eit avhengighetsmenneske?
Både ja og nei. Eg kan lett bli avhengig av ein tv-serie eller eit matprodukt i periodar, men eg kan lett bli lei og.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Ja, men me er ikkje nære venner.

37. vil du ha born?
Nei.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
Engelsk. Eg gjer meg forstått på tysk hvis eg legg godvilja til.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Nei.

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
Havet.

41. kva brukar du helst pengar på?
Bøker, øl og ting frå Lush.

42. eig du dyre smykker?
Nei.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
How I Met Your Mother trur eg.

44. kan du rulla med tunga?
Ja.

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
Bror min, utan tvil. Vi har klin lik humor.

46. søv du med kosedyr?
Nei.

47. kva har du som ringelyd?
Introsången til Misfits.

48. har du klesplagg frå du var liten?
Ei kofte som eg fekk av tanta mi som var for stor, men eg brukte den for det om. Eg brukar den enno, no er den akkurat passe.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
Ein strikka ullcardigan som eg har på meg. Den har raude striper.

50. flørtar du mykje?
Mest med kjærasten. Men eg kan slå på sjarmen på jobb hvis eg veit eg får betre tips av det. Eg eig ikkje skam.

51. kan du bytta olje på bilen?
Nei, eg hugser ikkje korleis ein gjer det!

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
Nei, heldigvis ikkje.

53. kva var den forrige boka du leste?
Water for Elephants.

54. leser du avisa?
Eg les Dag og Tid (eg får den i posten kvar veke), Klassekampen les eg på nett, også er eg blitt veldig glad i å lese nyheitane på nrk.no.

55. abonnerer du på noko magasin?
Nei, ikkje anna enn magasinet «Fri Tanke» frå Humanetisk Forbund som eg får gratis.

56. dansar du i bilen?
Ja, titt og ofte.

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
p3, eg elskar den radiokanalen. Spesielt p3-morgen og Radioresepsjonen, ja og Popsalongen då sjølvsagt. Good times!

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
Trur det var nokre notatar på forelesning i går. Tre sider med mykje snakk om hekseforfølgelsane i Europa på 1500-talet.

59. når var du i kyrkja sist?
Det er lenge sidan… Oi, no må eg tenkje. Eg trur det må ha vært i begravelsen til Oldemor, for mangemange år sidan.

60. er du lykkelig?
Ja, det vil eg påstå at eg er.

Advertisements