Stikkord

, ,

Fordi eg ikkje er typen som likar å blogga så sjukt personleg så kan eg gje deg nokre hint om kva slags person eg er ved å fortelje deg 10 ting eg kjem på at eg likar i dag.

1. Lykke Li
Eg trur eg er litt forelska i den dama her. Ho sjunger så innmari fint, stemma går gjennom marg og bein slik at eg byrjar å sjunga med – alltid.
Høyr på I’m Good, I’m Gone. Eg klarar ikkje å slutta å høyre på den songen akkurat no. Repeat der altså. At eg blei så sjukt dårleg av all vina eg hadde drukke på Roskilde i fjor somar at eg ikkje klarte å gå på konserten hennar, det, det irriterar meg enno.

2. Harry Potter fandom-en
For ein fantastisk gjeng med folk. Eg elskar at eg bare kan surfe tag-ane på tumblr med Harry Potter og kome over slike fantastiske ting som eg flirar høgt av.

3. NRK Urørt
Lars Vaular, Mikhael Paskalev, Lemâitre, AutoLaser, Philter med mye meir. Alle er dei eit produkt av Urørt. Ein konge måte å finne og høyre ny norsk musikk på.

4. Spotify sitt radio-verktøy
At man kan ta ein song og laga ei eiga liste Spotify spelar for deg syns eg er genialt. Også ein fin måte å høyre ny og uoppdaga musikk på. Digg!

5. Lønningdag!
Eg fekk pengar i dag. Treng eg å sei noko meir?

6. Threadless
Så mange artige, fine og unike skjortar og hettegensera på ein plass! Eg ventar på ein forsending no. :)

7. Californication
Eg veit, eg veit. Ein vulgær og til tider upassande serie (litt sånn som meg). Eg elskar det!

8. Sons of Anarchy
Eg og kjærasten er hekta. Eg tek meg sjølv i å tenkje på kva Jax og Tara driv me no. Kordan går det med Gemma og Clay? Ein av dei betre seriane du kan kome over, etter mi meining.

9. Instagram
Ein iPhone-app kor du delar bilete med alle andre Instagram-brukarar. Mykjy fine bilete, og ein haug med inspirasjon kasta i trynet når ein vil. Det er berre å søkje på dei rette tagg-ane. Eg heiter vivalasigrun innpå der, føljg meg då vel.

10. Å vere aleine heime
Ikkje filmen, men å faktisk vere aleine litt og berre laga sitt eige bråk og rot. Gå rundt i berre truså og sjunge av full hals om ein vil.

Ti ting på ein tysdag. Kva likar du å gjere på ein tysdag? 

Advertisements