Alt må ga fort i dag. Eg vaknar presis 0815 og bannar høgt for meg sjølv – eg har forsove meg igjen. Eg lagar kaffi og skrur på fjernsynet, samstundes vekkar eg ho som har klart å sove heile natta på sofaen vår. Eg er trøytt, men gledar meg til i kveld. «Eg giddar ikkje å dusje!» skriker eg til ho andre som eg bor saman med, ho ler av meg, så går eg og dusjar likevel.

Vatnet renn ikkje fort nok! Elvane som renn nedover kroppen gjer meg ikkje rein fort nok syns eg. Kom igjen, fortare! Tørk meg no handkledet. Kaffen er kald no, eg varmar han i mikroen. Den blir for varm – neeeei. «Mind over matter», seier Kyle XY på fjernsynet. Drikk no! Kor er kleda mine. Der ja. Eg tar på meg kåpa, skoa (=dei skoa som kan snakke om eg ikkje er forsiktig når eg går), og går ut. Føttane mine går som trommestikkar opp til Thereses gate der Brilleland ligg. Må ha nye eingongslinser. Når eg er nesten framme går det brått opp for meg – lommeboka ligg att heime på kjøkkenbordet! Eg klarar ikkje å gjere noko anna enn å le litt for meg sjølv. Eg tar ein 180 midt i gata. Frostrøyken ligg omkring meg der eg strenar same vegen som eg har gått tilbake. Halvveis heime prøvar to gutar frå Jesu Kristi Kirke å stoppe meg. Neinei, eg rister på hovudet – eg har jo ikkje tid. Alt skal gå fort i dag. Eg tar opp nøklane, igjen. Eg spring opp trappane. Eg er varm no, kjenner at eg er raud i andletet på grunn av kulda ute og powerwalken eg akkurat tok forgjevevs. På kjøkkenbordet ligg lommeboka åpen og flirar til meg. «Der er du din jævel», kviskrar eg for meg sjølv, men mest til den tåpelege lommeboka som har gjort meg ein time forsinka.

No er eg så sein at eg hoppar på neste og beste trikk, rett utanfor døra. Kvifor tok eg ikkje den i stad? Eg går inn på Brilleland og kjøper linser. Dama på jobb har selskap av ein liten sort hund med krølla pels. Eg vil klappa den, men eg har ikkje tid. «Så fin kompis du har!» seier eg og smiler. Ho ljuser opp og seier på ekte svorsk «Tack! Fin å ha på jobbet vet du». Eg går fort ut av døra, merkar at venstre sko snakkar mens eg går no. Superlimet fungerte ikkje heilt optimalt. Eg set meg på trikken, no er eg på veg. Ser deg snart Blindern.

Advertisements